In for a Penny
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«In for a Penny» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den første singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde 11. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i åtte veker.[2]
Songen har den lengste gitarsoloen på ein Slade-singel, framført av gitaristen Dave Hill. Like før den andre gitarsoloen på songen, roper Holder linja «Ee, they got a band», som var ein referanse til ein britisk TV-reklame der ei kvinne feilaktig trur at ein gjeng gangsterar med fiolinkassar er ei musikkgruppe.[3]
B-sida til singelen «Can You Just Imagine» var eksklusiv for singelen og kom seinare ut på samleplata B-Sides i 2007.
Det vart ikkje laga musikkvideo for å marknadsføre songen, men bandet framførte songen på TV-showa Top of the Pops og Supersonic.
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «In For a Penny» - 3:34
- «Can You Just Imagine» - 3:31
Salslister
Medverkande
- Slade
- Noddy Holder - solovokal, gitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, trekkspel, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads