Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som ein singel utan album.[2] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[3]
Singelen var den første nye singelen deira etter filmen Slade in Flame. I dei to første vekene etter singelen kom ut, selde han 200 000 eksemplar.[4][5]
B-sida til singelen var «Raining in My Champagne», som var eksklusiv til singelen og kom seinare ut på samleplata B-Sides i 2007. Sjølv om songen i utgangspunktet var ein singel utan album andre stader, kom han ut på den amerikanske Warner Bros. Records-utgåva av albumet Slade in Flame i 1975.
Det vart filma ein musikkvideo for singelen, som var regissert av anten Gavrik Lasey eller Richard Loncraine. Videoen syner bandet som framfører songen medan Holder går kledd i ei raud- og gulprikka jakke eit stort kipper-slips, medan gitaristen Dave Hill går kledd i svart cowboy-kostyme.[6][7] I Storbritannia framførte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops og barneshowet Shang-a-Lang.
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» - 4:30
- «Raining In My Champagne» - 4:12
Salslister
Medverkande
- Slade
- Noddy Holder - solovokal, gitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - keyboard, bass, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads