In the Middle av Natalia Barbu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«In the Middle» (norsk omsetjing 'i midten') er ein song frå 2024 med den moldovske songaren Natalia Barbu[2]. Songen er skriven av Barbu sjølv, saman med Khris Richards. Songen blei gjeven ut 19. januar 2024 og var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Remove ads
Om songen
«In the Middle» er skriven av Khris Richards og Natalia Barbu[3].[4] Barbu hadde tidlegare deltatt i Eurovision Song Contest; i 2007 kom ho på 10. plass med songen «Fight».
I intervju fortalde Barbu at «In the Middle» var inspirert av barna hennar og kjensla av kjærleik. Songen blei skriven utan forventningar, og ho hevda at songen i staden berre kom «frå hjartet mitt». Sjølv om songen ikkje var skriven for Eurovision Song Contest, blei Barbu til slutt overtydd om å delta av produsentane sine.[5] Ho uttalte at hjartet til ein person, «ljoset» i den menneskelege sjela, er «i midten» av kroppen. Songen tek til orde for å finne sitt sanne eg og kople seg til «vårt guddomlege sjølv».[5]
Remove ads
Eurovision Song Contest
Den 26. desember 2023 blei «In the Middle» offisielt kunngjord som eit av dei 32 bidraga som skulle delta i live audition-runden av den moldovske uttakinga Etapa națională 2024.[6] Songen kvalifiserte seg til finalen etter å ha komme på fyrsteplass i auditionrunden.[7][8] I finalen fekk låten 12 poeng frå juryane og 10 poeng frå sjåarane og enda på delt fyrsteplass med songen «Anti-Princess» av Valeria Pasha. Uavgjortresultatet blei avgjord ved resultatet i juryavrøystinga, og gav dimed sigeren til Barbu og «In the Middle». Som følgje av sigeren blei «In the Middle» det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.[9]
Etter finalen av Etapa națională 2024 la Pasha inn ein protest og bestridde røysteresultata.[10] Pasha påstod at reglane for konkurransen ikkje var klare nok; ifølgje ho avklarte ikkje reglane korleis resultatet ville bli avgjort ved eventuell uavgjort, med offisielle reglar som sa at sigeren skulle gå til «låten som fekk flest poeng». Teleradio-Moldova (TRM) valde å la sigeren til Barbu bli ståande, og skulda Pasha for å ha 950 ugyldige røyster.[11]
«In the Middle» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024. Der blei han nummer 13 av 15 bidrag med 20 poeng. Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 11. mai 2024. Dette var fyrste gongen sidan 2019 at Moldova blei slått ut i semifinalen.[12]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads