Ina Balin
amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ina Balin, opphavleg Ina Rosenberg (12. november 1937–20. juni 1990) var ein amerikansk skodespelar som opptredde på film, fjernsyn og på scenen.[1] Ho er best kjend for rolla si i filmen From the Terrace (1960), som ho fekk to Golden Globe Award-nominasjonar for og vann Most Promising Newcomer – Female.
Remove ads
Bakgrunn
Balin var fødd i ein jødisk familie i Brooklyn i New York. Far hennar, Sam Rosenberg, var ein dansar, songar og komikar som var aktiv i det såkalla Borscht Belt. Seinare slutta han i showbransjen for å bli med i buntmakarverksemda til familien sin. Mor hennar var ein ungarskfødd profesjonell dansar som slapp unna eit uroleg familieliv ved å gifta seg i ein alder av 15. Sam Rosenberg var den tredje ektemannen hennar då ho var 21 år gammal. Dei skilde seg òg då Ina og broren hennar, Richard Balin, framleis var ganske unge. Søskena blei plasserte på kostskular til mora gifta seg ein fjerde gong, då med skomagnaten Harold Balin, som seinare adopterte Ina og Richard.[2]
Balin gjekk ut frå high school då ho var 15, etter å ha vore fem år ved ein kostskule i Pennsylvania.[3]
Remove ads
Karriere
Fjernsyn
Balin opptredde fyrst på fjernsun på The Perry Como Show. Ho hadde gjesteroller i ei rekkje fjernsynsprogram, som Wonder Woman; Adventures in Paradise; Bonanza; The Lieutenant; The Dick Van Dyke Show; The Six Million Dollar Man; Voyage to the Bottom of the Sea; Battlestar Galactica; Get Smart; It Takes a Thief; Ironside; Twelve O'Clock High; The Loner; Quincy, M.E.; Magnum, P.I. og Mannix.
Teater
Balin opptredde fyrst ved sommarproduksjonar, og desse førte til roller ved Broadway. Den fyrste rolla hennar der var som Ruth i Compulsion.[4] I 1959 hadde ho rolla som Alice Black i komedien A Majority of One.[5]
Film
I 1959 fekk Balin si fyrste filmrolle i The Black Orchid.[4] Ho spelte mot Paul Newman i filmversjonen av From the Terrace frå 1960. I 1961 spelte ho Pilar Graile i The Comancheros mot John Wayne og Stuart Whitman. Ho spelte mot Jerry Lewis i hitkomedien The Patsy frå 1964, og hadde også ei mindre rolle i The Greatest Story Ever Told frå 1965. I 1969 spelte ho mot Elvis Presley i filmen Charro! I 1971 hadde ho ei rolle i The Projectionist. Ho spelte også i komedien The Comeback Trail frå 1982.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
I 1959 vann Balin ein Theatre World Award for opptredenen sin i Broadway-komedien A Majority of One.[6] I 1961 vann ho New Star of the Year-Actress Golden Globe Award etter den kritikarroste rolla si i From the Terrace. Ho blei også nominert til ein Golden Globe Award for Best Supporting Actress — Motion Picture.[7]
Humanitært virke
I 1966 var Balin på turné i Vietnam med United Service Organizations på den fyrste av fleire reiser til den krigsramma regionen. I 1975 hjelpte ho til ved evakueringa av foreldrelause barn under fallet til Saigon. Ho kom til å adoptera tre av desse barna. I 1980 spelte ho seg sjølv i ein fjernsynsfilm som bygde på desse opplevingane, The Children of An Lac.[8]
Død
Balin hadde vore sigarettrøykar,[9] og døydde i 1990 ved Yale–New Haven Hospital i New Haven i Connecticut, 52 år gammal, grunna komplikasjonar frå kronisk lungesjukdom.[1][10] Ho hadde vore ved sjukehuset for å prøva å få ein lungetransplantasjon.[10]
Far hennar, Sam Rosenberg, broren Richard Balin, og dei tre barna hennar overlevde henne: Nguyet Baty, Ba-Nhi Mai og Kim Thuy. Ho hadde også to barnebarn då ho døydde.[1] Ba-Nhi Mai og Kim Thuy blei oppseda av Hollywood-agenten Ted Ashley og kona hans Page (fødd Cuddy).[11]
Remove ads
Filmar
- The Black Orchid (1958) – Mary Valente
- From the Terrace (1960) – Natalie Benzinger
- The Young Doctors (1961) – Cathy Hunt
- The Comancheros (1961) – Pilar Graile
- The Patsy (1964) – Ellen Betz
- Act of Reprisal (1964) – Eleni
- The Greatest Story Ever Told (1965) – Martha of Bethany
- Run Like a Thief (1967) – Mona Shannon
- Charro! (1969) – Tracey Winters
- The Lonely Profession (1969, fjernsynsfilm) – Karen Menardos
- Desperate Mission (1969) – Otilia Ruiz
- The Projectionist (1971) – The Girl
- Call to Danger (1973, fjernsynsfilm) – Marla Hayes
- The Don Is Dead (1973) – Nella
- Panic on the 5:22 (1974, fjernsynsfilm) – Countess Hedy Maria Tovarese
- The Immigrants (1978, fjernsynsfilm) – Maria Cassala
- Galyon (1980) – Janet Davis
- The Children of An Lac (1980, fjernsynsfilm) – Ina Balin
- The Comeback Trail (1982) – Julie Thomas
- Vasectomy: A Delicate Matter (1986) – Regine
- That's Adequate (1989) – Sister Mary Enquirer (siste filmrolle)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads