Indore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Indore (devanagari इन्दौर ) er ein by i India som ligg i delstaten Madhya Pradesh. Indore er den største byen i delstaten, og hadde 2 822 000 innbyggjarar i 2018.[1] Byen ligg ved sørkanten av Malwa-platået, med ei gjennomsnittleg høgd på 553 moh.[2] Han ligg 190 km vest for delstatshovudstaden Bhopal. Byen har ein del bomulls-, sement- og papirindustri. Det finst også mange vakre palass her.[1]
Remove ads
Namn
Gupta-inskripsjonar nemner ein «Indrapura».[3] Ein trur byen har namn etter Indreshwar Mahadev-tempelet, som er vigd guden Indra.[4]
Historie
Indore blei grunnlagd på 1700-talet av av mahratta-offiseren Malhar Rao Holkar. Byen var hovudstad for Fyrstestaten Indore under Holkar-slekta frå 1818 til 1948. I 1818 kom byen under britisk kontroll.[1] Frå 1948 til 1956 var byen sommarhovudstad i delstaten Madhya Bharat.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

