Induktans
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Induktans er den eigenskapen ved ein elektrisk krins at han gjev opphav til ei elektrisk spenning i krinsen sjølv (retta mot straumretninga) og i andre elektriske krinsar i nærleiken, når den elektriske straumen i krinsen endrar seg. Dette vert kalla «sjølvinduktans», respektivt «gjensidig induktans»[1].
SI-eininga for induktans er weber/ampere, som har fått namnet Henry, med symbolet H. Tidlegare vart denne storleiken kalla «induksjonskoeffisienten» eller berre «induksjon».
Remove ads
Sjølvinduktans
Sjølvinduktansen til ein spole er definert som
- ,
der er den magnetisk flukskoplinga, i er straumen gjennom spolen, N er talet på vindingar, Φ er den magnetiske fluksen og er permeabiliteten til kjerna i spolen, der H/m er permeabilitet i vakuum og er den relative permeabilitet til kjernematerialet[1]. I ein spole med luftkjerne er .
Når det går ein tidsvarierande straum gjennom ein spole med induktanse L er den induserte motspenninga
- .
Den induserte spenninga er retta i motset retning av straumen gjennom spolen og vil difor motverka ei endring av straumen gjennom spolen. Denne eigenskapen vert nytta i elektriske filter.
Remove ads
Gjensidig induktans
På grunn av at den magnetiske fluksen spreier seg utover i rommet vert galvanisk skilde spolar kopla til einannan med ein gjensidig induktans M. Når det går ein straum i den eine krinsen vert det indusert ei spenning[1]
- ,
i den andre krinsen. Tilsvarande når det går ein straum i den andre krinsen vert det indusert ei spenning
- ,
i den fyrste krinsen. Gjensidig induktans ligg til grunn for transformatorar og elektriske generatorar og motorar. Gjensidig induktans kan òg føra til problem, som til dømes interferens mellom elektriske signal i ulike leiarar i elektriske kablar eller banar på kretskort.
Remove ads
Referansar
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads