Infinity av Journey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Infinity er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i januar 1978 på Columbia Records. Det var det første albumet deira med vokalisten Steve Perry og det siste med trommeslagaren Aynsley Dunbar.
Journey ønskte seg ein sterkare solovokalist og henta først inn Robert Fleischman, som dei spelte inn eit par songar med, mellom andre «For You», som kom ut på Time3. Fleischman vart etter kort tid erstatta av Steve Perry, på grunn av musikalske usemjer. Fleischman vart seinare kjend som den første songaren til glam metal-bandet Vinnie Vincent Invasion.
Perry song duett med klaverspelaren Gregg Rolie på «Feeling That Way», som syng solovokal på «Anytime».
«Patiently» var den første songen Perry og Neal Schon skreiv i lag. Perry skreiv teksten, der han uttrykker det triste med å vere på turné og heimefrå. Schon skreiv musikken for songen. Andre populære singlar er «Lights» og «Wheel in the Sky». Sistnemnde vart skriven i lag med den dåverande frontmannen Fleischman.
Manageren til Journey, Herbie Herbert, henta den engelske produsenten Roy Thomas Baker til å produsere Infinity. Baker brukte ein lagvis lyd, slik han han gjorde med Queen, og som ein kan høyre på spor som «Winds of March» (med hjelp frå lydteknikaren Geoff Workman). I tillegg vart metoden til Baker, med å bruke fleire lagdelte harmoniar, som han brukte på mange album han produserte, eit av varemerka til Journey.
Med Perry av bandet fekk dei ein meir radiovenleg stil, og Journey oppnådde den høgaste listeplasseringa si til då med ein 21. plass på Billboard-lista i USA.
Remove ads
Innhald
Notat
Songen «Patiently» er dedisert til bandet Lynyrd Skynyrd]], som hadde mista songaren sin (Ronnie Van Zant) og to andre bandmedlemmar (gitaristen Steve Gaines og systera hans, korvokalist Cassie Gaines), i oktober 1977, medan Journey spelte inn albumet.
Medverkande
Bandmedlemmar
- Steve Perry – solovokal
- Neal Schon – elektrisk og akustisk gitar, korvokal
- Gregg Rolie – klaverinstrument, kor- og solovokal (2 & 3)
- Ross Valory – bassgitar, korvokal
- Aynsley Dunbar – trommer, perkusjon
Produksjon
- Roy Thomas Baker – produsent, miksing
- Geoff Workman – lydteknikar
Salslister
Salstrofé
Land | Organisasjon | År | Sal |
USA | RIAA | 1989 | 3x Platina (+3 000 000)[8] |
Canada | CRIA | 1980 | Gull (+50 000)[9] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads