Ronnie Van Zant
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ronald Wayne Van Zant (15. januar 1948–20. oktober 1977) var ein USA-amerikansk solovokalist, tekstforfattar og opphavleg medlem av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd. Han var den eldre broren til to andre rockevokalistar, den noverande Lynyrd Skynyrd-vokalisten Johnny Van Zant, og Donnie Van Zant, som skipa og var vokalist i 38 Special. Han var far til Tammy Van Zant og Melody Van Zant.[1]
Remove ads
Biografi
Han var fødd og voks opp i Jacksonville i Florida. Van Zant var stor fan av boksaren Muhammad Ali og vurderte ein karriere i ringen, og spelte American Legion baseball med ein draum om suksess i Minor League.[2]
Lynyrd Skynyrd
Van Zant skipa eit band kalla My Backyard[2] seint på sommaren 1964 med vener og skulekameratane Allen Collins (gitar), Gary Rossington (gitar), Larry Junstrom (bass) og Bob Burns (trommer). Desse fire gjekk under fleire forskjellige namn før dei slo seg til ro med Lynyrd Skynyrd.
Banet slo igjennom i 1973 med debutalbumet (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd), med ei rekkje hittar som «I Ain't the One», «Tuesday's Gone», «Gimme Three Steps», «Simple Man», og det som vart signaturlåten deira, «Free Bird», seinare dediert til den avdøde Duane Allman frå The Allman Brothers Band.
Den største hitsingelen til Lynyrd Skynyrd var «Sweet Home Alabama» frå oppfølgjaren Second Helping, eit svar til Neil Young-songane «Alabama» og «Southern Man.» Young-songen «Powderfinger» på albumet Rust Never Sleeps få 1979 vart visstnok skriven for Skynyrd, og Van Zant er avbilda på omslaget til Street Survivors med ei T-skjorte med Young-albumet Tonight's the Night[3] og 2. juli 1977 på konserten på Oakland Coliseum (som vert vist klipp av i filmen Freebird... The Movie).[4]
Den 20. oktober 1977 gjekk flyet som flydde bandet mellom konsertane deira i Greenville i Sør-Carolina og Baton Rouge i Louisiana tom for drivstoff utafor Gillsburg i Mississippi. Passasjerane fekk melding om problema og vart fortalt å førebu seg for ein styrt.[5] Van Zant døydde av hovudskadar etter at flyet råka eit tre. Bandkollegaene Steve Gaines og Cassie Gaines, og den assisterande turnémanageren Dean Kilpatrick, piloten Walter McCreary og medpiloten William Gray, mista òg livet. Resten av bandet vart alvorleg skadde men overlevde.[6] Van Zant vart 29 år gammal.
Den yngre broren til Van Zant, Johnny, tok over som ny vokalist i bandet då bandet starta opp att i 1987.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads