Inga Abitova

From Wikipedia, the free encyclopedia

Inga Abitova
Remove ads

Inga Eduardovna Abitova (fødd 6. mars 1982) er ein russisk tidlegare langdistanseløpar frå Novokujbysjevsk. Ho vart europameister på 10 000 meter i 2006, og vart grunna dopingbruk frådømd eit EM-sølv 2010 på same distansen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Abitova tok gullmedaljen på 10 000-meteren under EM 2006 i Göteborg med personleg rekord på 30.31,4. På sisterunden knekte ho norske Susanne Wigene, som tok sølvet, og si eiga landskvinne, Lidija Grigorjeva, med ein langspurt. Same året vart ho nummer to i Mumbai maraton. I 2007 enda Abitova på tolvteplass i milløpet under VM i Osaka, og i 2008 vart ho nummer seks på same distansen under sommarleikane i Beijing.

År 2009 kom Abitova på sjetteplass i London Marathon med 2.25.55, og ho toppa den fyrste utgåva av Yokohama maraton på tida 2.27.18. I 2010 sprang ho i mål til andreplass på 10000 meter ved europameisterskapen i Barcelona.

Remove ads

Doping

I november 2012 vart Abitova utestengd frå idretten i to år av Russlands Friidrettsforbund, grunna store endringar i hemoglobin-verdiane i hennar såkalla blodplass. Alle hennar resultat etter 10. oktober 2009 vart strokne, inkludert Yokohama maraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads