Ingeborg Midttømme
norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingeborg Synøve Midttømme (fødd 20. november 1961) er biskop i Møre bispedømme og tidlegare leiar i Presteforeininga.
Midttømme er fødd i Oslo. Ho studerte teologi på menighetsfakultetet i Oslo og tok praktisk-teologisk eksamen i 1987 og vart ordinert same år. Deretter jobba ho som kapellan i Høybråten meinigheit i Oslo frå 1987 til 1993. Frå 1993 til 1997 var ho sokneprest i Sørfold i Salten, før ho frå 1997 var kapellan i Holmlia i Oslo.
I 2003 vart ho som første kvinne vald til leiar i Presteforeininga. Ho blei attvald som leiar i 2006.
Midttømme vart utnemnd til biskop i i Møre bispedømme etter Odd Bondevik den 15. mai 2008. Bispevigslinga skjedde i Molde domkyrkje 21. september, samstundes med ei markering av bispedømmet sitt 25-årsjubileum. Midttømme vart den fjerde kvinna av dei noverande biskopane, og med sine 47 år den yngste i bispekollegiet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Midttømme» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
- Artikkel om bispeutnemninga i Vårt Land[daud lenkje]
- Kort biografi på Presteforeininga sine sider
- Pressemelding frå Kultur- og kyrkjedepartementet om bispeutnemninga[daud lenkje]
- Nyheitssak om bispeutnemninga frå den norske kyrkja sine nettsider
- Midttømme svarar på spørsmål i samband med bispenominansjonen. NRK Møre og Romsdal
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads