Inger Jacobsen

norsk songar og skodespelar (1923–1996) From Wikipedia, the free encyclopedia

Inger Jacobsen
Remove ads

Inger Johanne Jacobsen (13. oktober 192321. juli 1996) var ein norsk songar og skodespelar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Familie

Jacobsen gifta seg i 1950 med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen (fødd 8. januar 1923 i Odense, død 1. oktober 1959 i Lørenskog), som brukte scenenamnet Jackie Bülow. Dei var begge engasjerte av Jens Book Jensen på fleire av hans oppsetjingar på Chat Noir og turnéar i Noreg og utlandet i 1950-åra.[1][2]

Artistkarriere

Thumb
I 1950 gifta Inger Jacobsen seg med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen[3]

Jacobsen gav ut si fyrste plate allereie i 1941. Det var «Du er alltid i mine tanker»/«To små hjerter» med Kristian Haugers Danseorkester på Telefunken. Dei var henta frå filmen Den forsvundne pølsemaker. Etter krigen vart ho ein svært populær songar. Ho var på plateselskapa Musica (19461953) og Columbia (19541970), og var lett gjenkjenneleg med den mjuke, djupe altrøysta si. Som skodespelar og artist opptredde ho i revyar, tv, radio og teater heilt fram til 1990-åra, frå 1976 som tilsett ved Riksteatret.

Inger Jacobsen deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen fire gongar, og vann finalen i 1962 med songen «Kom sol, kom regn». Hennar største slagar, singelen «Frøken Johansen og jeg» frå 1959, selde i over 50 000 eksemplar.[4] Innspelinga var meint som ein parodi på datidas mange skillingsvise-liknande slagarar og måten dei vart sungne på.

Deltakingar i Melodi Grand Prix

Diskografi

  • 1958: Djupt in i skogen
  • 1958: Vi seiler mot lykken
  • 1963: Letters From Norway, med Jens Book-Jenssen
  • 1966: Inger Jacobsens beste
  • 1967: Refrenget 1, med Thore Skogmann
  • 1968: Refrenget nr. 2, med Thore Skogmann
  • 1970: Refrenget nr. 3, med Thore Skogmann
  • 1971: Refrenget nr. 4, med Thore Skogmann
  • 1973: Vi er dus med hele landet, med Jens Book-Jenssen
  • 1974: Einar Schankes gledeshus
  • 1977: Julerefrenget, med Thore Skogmann
  • 1979: Jeg har mitt hjerte i Oslo
  • 1993: Ja, vi husker
  • 2006: Diamanter
  • 2007: Refrenget - 41 sangfavoritter, med Thore Skogmann
  • 2007: Presang til mor

Filmografi

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads