Kom sol, kom regn
song frå 1962 med Inger Jacobsen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Kom sol, kom regn» er ein song av Inger Jacobsen og Laila Dalseth frå 1962. Songen er skriven av Kjell Karlsen og Ivar Andersen.[1]
Remove ads
Eurovision
Melodi Grand Prix 1962
«Kom sol, kom regn» deltok i Melodi Grand Prix 1962, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1962 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Inger Jacobsen med eit lite orkester, og så på nytt av Laila Dalseth med eit stort orkester. Bidraget vann med 65 poeng.[2][3]
Eurovision Song Contest 1962
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1962 fekk «Kom sol, kom regn» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1962. Inger Jacobsen fekk framføre songen, på norsk, og enda på tiandeplass med to poeng; båe frå Frankrike. 16 land deltok i tevlinga, og den høge plasseringa trass i den låge poengsummen skulda at fire land ikkje fekk poeng.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads