Ingolstadt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingolstadt er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 145 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av Donau og er den sjette største byen i delstaten.
Hovudkvarteret til den tyske bilfabrikanten Audi ligg i Ingolstadt, i tillegg til hovudkvartert til elektronikkjedane MediaMarkt og Saturn. Ingolstadt har vore forbunde til Nürnberg via ein høgsnøkkleiksjarnbane sidan mai 2006.
Ingolstadt er nemnd i romanen Frankenstein av Mary Shelley, og er fødestaden til monsteret som forskaren Victor Frankenstein lagar.
Remove ads
Historie
Ingolstadt vart først nemnd i eit dokument av Karl den store frå 6. februar 806 som «Ingoldes stat», «staden til Ingold». Ingolstadt fekk byrettar omkring 1250.

Ingolstadt var hovudstad i hertugdømet Bayern-Ingolstadt mellom 1392 og 1447 før han vart ein del av Bayern-Landshut. Ludvig VII av Bayern gav ordre om å byggje Neues Schloss, som var kraftig påverka av fransk gotikk. I 1472 grunnla Ludvig IX av Bayern Ludwig-Maximilians-Universität i Ingolstadt, som vart flytta til Landshut i 1800 og til slutt til München.
Den 30. april 1632 døydde den tyske feltmarskalken Johann Tserclaes av Tilly i Ingolstadt, under den svenske omleiringa. Feltmarskalken vart hardt skadd under eit tidlegare møte med svenskane under kong Gustav Adolf. Ingolstadt var den første festninga i Tyskland som motstod den svenske omleiringa, og svenskane trekte seg til slutt tilbake.
Hesten til Gustav Adolf står på eit museum i byen. Hesten døydde etter å ha vorte råka av kanoneld frå festninga. Kanonen vart på den tida kalla «Fikenen». Då svenskane trekte seg tilbake, tok innbyggjarane vare på hesten og stilte han ut, og i dag, 400 år seinare, står han framleis i byen.
Ingolstadt var ein festningsby og er omringa av ein bymur frå mellomalderen. Under den første verdskrigen sat den framtidige franske presidenten Charles de Gaulle som krigsfange i byen.
Ingolstadt var byen der Vilhelm IV av Bayern skreiv og signerte den bayerske Reinheitsgebot i 1516, den eldste matlova som framleis er i bruk.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads