Ingrid Eide
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingrid Eide (fødd 12. juli 1933) er ein norsk politikar og sosiolog. Ho var sentral i grunnleggjinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, og arbeidde i fleire år ved instituttet. Ho var av avgjerande tyding for PRIO sin kontakt med fredsrørsla og kvinnerørsla. Seinare var ho i mange år amanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo.
Remove ads
Bakgrunn
I 1960 tok ho ei magistergrad i sosiologi ved Universitetet i Oslo, og frå 1973 til 1976 var ho statssekretær i Kyrkje- og undervisingsdepartementet.[1]
Eide har vore gift med Johan Galtung og Sverre Lodgaard. Ho er mor til juristen Andreas Galtung.
Politisk karriere
Eide var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Oslo frå 1977 til 1985, der ho møtte for Knut Frydenlund og Sissel Rønbeck. Frå 2007 sat ho i Oslo bystyre for Arbeidarpartiet. Eide har òg ei omfattande internasjonal yrkesrøynsle, mellom anna frå UNESCO og som direktør i UNDP, FN sitt program for kvinner og utvikling. Ho var òg sentral i Internasjonal kvinneliga for fred og fridom i Noreg, saman med Johanne Reutz Gjermoe.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads