Johan Galtung

norsk fredsforskar From Wikipedia, the free encyclopedia

Johan Galtung
Remove ads

Johan Galtung (fødd 24. oktober 1930) er ein norsk samfunnsforskar og professor i fred og konfliktløysing.

Thumb
Johan Galtung, nummer to fra venstre, og venner. Kilinochchi, Des. 04/Jan. 05

Galtung er fødd i Oslo og utdanna seg som sosiolog og matematikar. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner innan freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han er direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnleggjar av Transcend-metoden. Han har verka som meklar i over 40 konfliktar, som i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.

I 1987 fekk Galtung den såkalla «alternative Nobelprisen».

Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han fekk Brageprisen for, i 2000. Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.

I 2011 vart Galtung skulda for antisemittisme etter eit foredrag ved Universitetet i Oslo[1] og eit innlegg i tidsskriftet Fri Tanke der han mellom anna tala om «jødemakt».[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads