Inkaer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Inkaer
Remove ads

Inkaer (Coeligena) er ei biologisk slekt av mellomstore til store, snøgt flygande kolibriar som lever i høglandet i Andesfjella frå midt i Bolivia i sør, nordover til nordlegaste Colombia og nordvestre Venezuela.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Inkariket.
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Inkaer har kroppslengd på frå 11 til 14,5 cm og veg mellom 6 og 8 gram. Dei har 28–34 mm lange, rette, nesten nåleliknande nebb, og syner kjønnsdimorfisme i lengda på nebbet. Når dei sit på ei grein held dei nebbet litt oppeikande.[1] Dei fleste artane har ein liten kvit flekk bak auget. Medan artane har liknande kroppsbygging og proporsjonar, varierer dei mykje i fjørdrakt.

Desse artane flyg med stor snøggleik, dei fleste av artane nyttar ei fast rute og vitjar dei einskilde blomane med lange intervall mellom vitjingane.[1]

Remove ads

Artslista

Det er 15 aksepterte artar i slekta. Nokre artar som bronseinka og kvitbrystinka er vidt utbreidde, medan andre som svartinka og Coeligena orina har særs avgrensa utbreiing. Nokre artar lever i små isolerte habitat i dei fjellrike områda av Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia, og i Cordillera del Condor i Ecuador.

Coeligena IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads