Oreadeinka

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Oreadeinka
Remove ads

Oreadeinka (Coeligena orina) er ein nyleg anerkjent kolibriart i den biologiske slekta Coeligena. Arten har utbreiing i nordvestre Colombia, avgrensa til høgtliggande grenseområde mellom Antioquia-departementet og Chocó-departementet, samt i fjellsidene av Cerro Montezuma i Risaralda-departementet.

Kjappe fakta

Dette er ein stor kolibriart, ca. 14 cm i kroppslengd og 7 gram i masse. Fjørdrakta er generelt mørk grøn, og undersida lysare metallisk grøn, drakta åt hannfuglen har ein iriserande blå strupeflekk og iriserande panneflekk som kan veksle frå grønblå til gyllengrøn. Hofuglar har noko lysare drakt med kanelgul strupe og ho manglar panneflekken. Begge kjønn har svart, litt kraftig rettpeikande nebb.

Habitatet ligg mellom 2500 og 3500 moh. i páramo økosystem, dvergskog og dels i høgvaksen fuktig skog. Som andre kolibriar et dei nektar, men ein har funne at dei òg tar insekt og kongroer.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 250 og 2500 modne individ totalt innanfor dei to kjente leveområda, og han er minkande. Arten er kategorisert som kritisk truga av BirdLife International.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads