Inuvialuktun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Inuvialuktun eller vest-kanadisk inuittspråk er tre inuitt-dialektar[2] brukt nord i Nordvestterritoria blant dei kanadiske inuittane som kallar seg sjølv inuvialuitfolk.

Kjappe fakta

Inuvialuktun er snakka blant inuittane i deltaet til elva Mackenzie i Nordvestterritoria, Banksøya, delar av Kitlineq og kysten av Nordishavet – landet som høyrer til Inuvialuit Settlement Region.

Inuvialuktun er eitt av dei elleve offisielle språka i Nordvestterritoria. Språket blir skrive med det latinske alfabetet – det er ingen tradisjon for å bruke inuittisk stavingsskrift. Språket har tre dialektar, og Inuvialuktun kan sjåast som ei strategisk eller språkpolitisk motivert samling av desse tre klart åtskilde dialektane.

Tidleg på 1800-talet, var Inuvialuit Settlement Region busett av siglit-inuittar , men fram mot 1900 gjekk den folkegruppa kraftig tilbake på grunn av nye sjukdommar. Inuittar frå Alaska flytta tidleg på 1900-talet inn i tradisjonelle siglit-område, lokka av den fornya etterspurnaden etter pelsverk. Desse inuittane vart kalla Uummarmiut – det tyder folket frå dei grøne trea – sidan dei kom frå busetnader nær den nordlege skoggrensa. Den første tida var det store motsetnader mellom siglit- og Uummarmiut-inuittar, men desse motsetnadene har lagt seg med tida, og dei to folkegruppene er integrerte med kvarandre i våre dagar.

Remove ads

Dialektar

Thumb
Utbreiing av inuittspråk i arktiske område. Inuvialuk-dialektane er snakka tvers over det nordlege Canada vest for Hudsonbukta, her fargelagt purpur, khaki, grøn, og lys blå.

Inuvialuktun-dialektane er alle alvorleg truga språk, sidan engelsk overtar som det ålmenne talespråket mellom folk i dette området. I følgje Inuvialuit Cultural Resource Centre, brukar berre 10% av dei omtrent 4,000 inuvialuittane inukitut, og berrre 4 % brukar språket som heimespråk.

Frå aust til vest er inuktitut-dialektane natsilingmiutut' , inuinnaqtun og siglitun.

Remove ads

Nokre ord av inuvialuktun

Meir informasjon Norsk, uttale ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads