Isabel Allende

From Wikipedia, the free encyclopedia

Isabel Allende
Remove ads

Isabel Allende (fødd 2. august 1942) er ein chilensk forfattar. Ho vart fødd i Lima i Peru som dotter av diplomaten Tomás Allende, som var fetter av den seinare presidenten i Chile, Salvador Allende. I 1945 vart foreldra hennar separerte, og mora flytta til Chile med dei tre ungane sine, der dei budde til 1953.

Kjappe fakta

Seinare flytta familien til Bolivia, og deretter til Libanon. I Bolivia gjekk Allende på ein amerikansk privatskule, og i Libanon på ein britisk privatskule i Beirut. Ho returnerte til Chile i 1958 for å gjere ferdig gymnasiet, og møtte der den framtidige ektemannen sin, Miguel Frías, som ho gifta seg med i 1962.

Frå 1959 til 1965 arbeidde Allende ved FN sin mat- og landbruksorganisasjon i Santiago, seinare i Brussel i Belgia og andre stader i Europa. Dottera hennar, Paula vart fødd i 1963. I 1966 returnerte Allende til Chile, og sonen hennar, Nicolás vart fødd der same år.

Ho høyrde til redaksjonen i magasinet «Paula» frå 1967, og frå 1973 til 1974 barnemagasinet «Mampato». Ho publiserte to barnehistorier, La abuela Panchita og Lauchas y Lauchones, samt ei artikkelsamling som vart kalla Civilice a su troglodita. Ho arbeidde òg i chilensk fjernsynsproduksjon for kanalane 7 og 13.

I 1973 hadde skodespelet til Allende, El embajador premiere i Santiago. Same år (11. september) vart onkelen hennar styrta og drepen i eit valdeleg kupp leia av Augusto Pinochet. I 1975 drog Allende i eksil i Venezuela. Der arbeidde ho for avisa «El Nacional» i Caracas og som gymnaslærar.

I 1981 vart ho kjend med at bestefar hennar, som var 99 år gammal, låg på dødsleiet sitt. Ho byrja å skrive eit brev til han som seinare utvikla seg til romanen La casa de los espíritus (Åndenes hus). Boka var ein enorm suksess og vart filmatisert av Bille August i 1993.

Remove ads

Bibliografi

  • La casa de los espíritus (1982, på norsk Åndenes hus, 1984)
  • La gorda de porcelana (1984)
  • De amor y de sombra (1984, på norsk Om kjærlighet og skygge, 1986)
  • Eva Luna (1987, på norsk 1988)
  • Cuentos de Eva Luna (1989, på norsk Eva Luna forteller, 1990)
  • El plan infinito (1991, på norsk Den endeløse planen, 1992)
  • Paula (1994, på norsk 1995)
  • Afrodita (1997, på norsk Afrodite. Fortellinger, oppskrifter og andre afrodisiaka, 1998)
  • Hija de la fortuna (1999, på norsk En lykkens datter, 1999).
  • Retrato en sepia (2000, på norsk Aurora - et portrett i sepia, 2001).
  • La ciudad de las bestias (2002, på norsk De ville guders by, 2002).
  • Mi país inventado (2003, på norsk Mitt oppdiktede land, 2004)
  • El Reino del Dragón de Oro (2003, på norsk Gulldragens rike, 2004)
  • El Bosque de los Pigmeos (2004, på norsk Pygmeenes skog, 2005)
  • El Zorro (2005, på norsk Zorro, 2005)
  • Inés del alma mía (2006, på norsk Inés, jeg elsker deg!, 2006)
  • La suma de los días (2007, på norsk Summen av dagene, 2008)
  • La isla bajo el mar (2009, på norsk Øya under havet, 2010)
  • El cuaderno de Maya (2011, på norsk Maya, 2011)
  • El juego de Ripper (2014, Amandas gåte)
  • El amante japonés (2015, Den japanske elskeren)
  • Más allá del invierno (2017, Etter vinteren)
  • Over havet (2020, omsett av Signe Prøis)[1]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads