Dei sameinte nasjonane

mellomstatleg organisasjon From Wikipedia, the free encyclopedia

Dei sameinte nasjonane
Remove ads

Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmål De forente nasjoner)) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida. Det er om lag 193 sjølvstendige anerkjende statar som er medlem av SN. Vatikanstaten og Palestina er ikkje medlem, men er observatørar.[1] I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.

«SN» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå SN (fleirtyding).
Remove ads
Kjappe fakta

Organisasjonen har ei generalforsamling med representantar frå alle medlemslanda. Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar med ansvar for ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).

SN fekk Nobels fredspris i 2001.

Remove ads

Historie

SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.

Namnet «United Nations» er likevel eldre. Det blei først foreslått av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene under andre verdskrigen.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads