Isabelle Gulldén

svensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Isabelle Gulldén
Remove ads

Isabelle Therese Gulldén (fødd 29. juni 1989) er ein svensk handballspelar frå Partille kommun. Ho er i angrep aktiv i rolla som spelstyrar.

Gulldén debuterte på det svenske landslaget i 2007 og utvikla seg til å verte ein av verdas fremste handballspelarar. Ho deltok i 224 landskampar og skåra 846 landslagsmål innan den 15. desember 2020. Høgdepunktet med Sveriges landslag var EM-finalen 2010, der Sverige fekk sølv. Fire år seinare sikra Gulldén og Sverige seg bronsen i Handball-EM 2014.

Åra 2011-22 var Gulldén aktiv i fire ulike toppklubbar i fire ulike land. I 2014 var ho med om å vinne EHF-pokalen for danske Viborg HK, medan ho i 2016 og 2022 triumferte i EHF-meisterligaen med høvesvis rumenske CSM Bucuresti og norske Våg/Vipers.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads