Islandsvalmue

From Wikipedia, the free encyclopedia

Islandsvalmue
Remove ads

Islandsvalmue, eller fjellvalmue, er ein valmueart med ei innvikla taksonomisk historie. Denne artikkelen følgjer Artsdatabanken, som bruker «islandsvalmue» om arten Papaver radicatum, og «fjellvalmue» om nominatunderarten P. r. subsp. radicatum. Det er no vist at nesten alle norske fjellvalmuar tilhøyrer nominatunderarten.

Kjappe fakta

Denne planten har ein fleirårig rosett med flikete blad ved bakken. Blomane sit einskildvis på enden av lange, hårete, bladlause stenglar. Blomane er som regel smørgule, men kan vera bleikgule eller lyst rosa. Mjølkesafta har kvit eller gul farge. Valmuen veks på rasmark, fjellryggar og berg, men kan òg finnast i vegskjeringar og på elvebreidder og grusører.[1][2]

Remove ads

Utbreiing og taksonomi

Islandsvalmue høyrer til seksjonen Meconella i valmueslekta (Papaver). Andre artar i same seksjon er kolavalmue, svalbardvalmue, alpevalmue og sibirvalmue. Desse valmuane veks i Arktis og i høgfjellet lenger sør. Polyploidi er vanleg, som hjå mange andre arktiske plantar. Avgrensinga mellom dei ulike artane er omstridd, og i amerikansk litteratur blir det ofte hevda at Papaver radicatum har sirkumpolar utbreiing i Arktis. Den høgarktiske svalbardvalmuen har av og til blitt rekna med til denne som underarten P. r. subsp. polare.[3][4]

Islandsvalmue er svært variabel avhengig av veksestaden. Skandinaviske forskarar, som Rolf Nordhagen og Gunvor Knaben, meinte at det fanst ti underartar i Skandinavia og tre–fire på Island og Færøyane. Dei meinte òg at denne oppsplittinga måtte ligga langt bak i tid, og at fjellvalmuane hadde overlevd istida i skilde skandinaviske refugium. Dette er eit av kronargumenta for den såkalla overvintringsteorien.[5][6][7][8]

Molekylærgenetikk og kladistikk har utvikla seg mykje sidan. Nye studiar basert på biokjemi og multivariat analyse av morfologiske trekk viser at mangfaldet av fjellvalmuar er mindre enn ein trudde. Norske og russiske forskarar anerkjenner no berre to underarter av islandsvalmue: fjellvalmue og læstadiusvalmue. Den sistnemnde var tidlegare ofte rekna som ein eigen art.[9][10][11][12]

Papaver radicatum blei vitskapleg skildra av Christen Friis Rottbøll i 1770, men det er uklart om Rottbøll sin type kom frå Island eller Grønland. Fjellvalmue (subsp. radicatum) er utbreidd i den skandinaviske fjellkjeda, Island og Færøyane, og har dekaploid kromosomtal (2n = 70). Læstadiusvalmue er ein sjeldan plante frå nordlege delar av Noreg og Sverige. Han er oktoploid (2n = 56), men står genetisk så nært fjellvalmue at han blir rekna som underarten P. r. subsp. laestadianum. Dei oktoploide valmuane med sirkumpolar utbreiing tilhøyrer derimot ein annan art og skal kallast kolavalmue (P. lapponicum).[12]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads