Isle of Arran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arran eller Isle of Arran (skotsk-gælisk Eilean Arainn) er den største øya i Firth of Clyde i Skottland med eit areal på 432 km² og den sjuande største i Skottland. Ho høyrer til regionen North Ayrshire og hadde i 2001 5058 innbyggjarar. Ho vert ofte knytt til Hebridane, og deler mykje av kulturen her, men desse øyane ligg lenger nord og vest for Kintyre. Arran er fjellkledd og har vorte skildra som eit paradis for geologar.[1]
Øya har vore kontinuerleg busett sidan tidleg i yngre steinalder og det er gjort mange førhistoriske funn. Frå 500-talet koloniserte goidelsktalande folk frå Irland øya og ho vart eit senter for religiøs aktivitet. Under den trøblete vikingtida vart Arran underlagt Noreg før ho vart formelt innlemma i kongedømet Skottland på 1200-talet. Mange av stadnamna har norrønt opphav. Håkon IV vitja øya i 1263 i samband med at den skotske kongen kravde suverenitet over dei norske øyane. Besøket enda i slaget ved Largs.
På 1800-talet vart folketalet kraftig redusert og det gæliske språket og levemåten forsvann meir eller mindre. Økonomien og folketalet på øya har betra seg dei siste åra og hovudnæringa i dag er turisme. Her finst mangfaldig dyreliv med tre artar som er endemiske for området.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Satellittbilete av Arran Arkivert 2006-10-09 ved Wayback Machine.
- The Sleeping Warrior
- Arran.info Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. - interaktiv guide
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads