It'll Shine When It Shines
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
It'll Shine When It Shines er det andre studioalbumet til den amerikanske southern rock/countryrock-gruppa The Ozark Mountain Daredevils, gjeve ut i 1974.
Debutalbumet deira hadde vore ein stor nok suksess til å gje bandet nok innverknad til å spele inn det neste albumet sitt heime hos seg sjølv. Albumet vart spelt inn i eit gardshus frå før borgarkrigen, som dei brukte som øvingslokale. Med seg hadde dei produsentane Glyn Johns og David Anderle som arbeidde i eit mobilt studio i ein lastebil parkert utafor. Dette skapte eit avslappa og organisk miljø som gav dei songar som Steve Cash sin ironiske swamp rock-songen «E.E. Lawson».
Albumet inneheld den største hitten deira, «Jackie Blue», som nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i 1975. Songen vart skriven av Larry Lee seint i innspelinga og spelt inn etter forslag frå Johns, som overtydde Lee til å endre den opphavlege teksten om ein ven som selde dop til ein ode til ei frisinna, einsleg kvinne.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Salslister
Medverkande
- Steve Cash - munnspel, perkusjon, vokal
- John Dillon - gitar, dulcimer, munnspel, klaverinstrument, vokal
- Larry Lee - gitar, klaverinstrument, trommer, vokal
- Randle Chowning - gitar, dobro, mandolin, munnspel, vokal
- Michael Granda - bass, gitar, vokal
- Buddy Brayfield - klaverinstrument, vokal
- Glyn Johns - gitar
- Nick DeCaro - trekkspel
- Jody Troutman - korvokal
Produksjon
- Produsent: Glyn Johns/David Anderle
- Lydteknikar: Glyn Johns
- Kunstnarisk leiar: Roland Young
- Fotografi: Harry Mittman, Jim Mayfield
- Notat i plateomslaget: Ken Seeholzer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads