Å for et spill
song frå 1973 med Bendik Singers From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Å for et spill», òg kjend som «It's Just a Game», er ein song av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal og Bendik Singers, gjeven ut i 1973. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]
Eurovision
Melodi Grand Prix 1973
«Å for et spill» deltok i Melodi Grand Prix 1973, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1973 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal med eit lite orkester, og så på nytt av Bendik Singers med eit stort orkester. Bidraget vann med 50 poeng.[2][3]
Eurovision Song Contest 1973
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1973 fekk «Å for et spill» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1973. Teksten vart skriven om av Bob Williams, og songen fekk tittelen «It's Just a Game». Bendik Singers framførte songen på engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk, og enda på sjuandeplass med 89 poeng; ni frå Israel, åtte frå Finland, sju frå Monaco, Sveits og Luxembourg, seks frå Vest-Tyskland, Spania, Jugoslavia og Frankrike, fem frå Belgia, Portugal og Italia og tre frå Sverige, Nederland, Irland og Storbritannia. Carsten Klouman var dirigent.
Dette er det andre og førebels siste bidraget, ved sida av det irske bidraget i 1972, som har vorte framført på irsk. Det er òg det bidraget som har vorte framført på flest språk.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads