It's My Life av Cezar

song av Cezar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«It's My Life» (engelsk for Det er mitt liv) var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Cezar. Songen er skriven av Cristian Faur.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Selecția Națională 2013

Televiziunea Română (TVR) valde ut 32 bidrag, mellom dei «It's My Life» av Cezar, som fekk delta i Selecția Națională 2013, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.

Semifinale 1

Songen starta som nummer 13, etter «La donna di nero» av Liviu Mititelu og før «Firebird» av Tammy. Bidraget enda på andreplass med 18 poeng og gjekk vidare til finalen.

Finalen

Songen starta som nummer sju, etter «Run Away With Me» av Ovidiu Anton og før «The Best Thing In Life Is To Love» av Cristian Prăjescu. Bidraget vann med 20 poeng, åtte poeng frå juryen og tolv poeng frå fjernsynssjåarane, og vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2013. Etter finalen vart det laga ei protestgruppe på Facebook der ein prøvde å boikotte resultata frå finalen av di jurymedlemmet Ştefan Naftanailă gav null poeng til «Unique» av Luminița Anghel, medan dei andre i juryen gav bidraget fire tolvarar, éin tiar og ein sjuar.[1][2] Manageren for utvalet, Dan Manoliu, vart òg overraska over røystinga, men erklærte at resultata oppfyller tevlinga sine kriterium.

Remove ads

Eurovision Song Contest 2013

«It's My Life» representerte Romania i Eurovision Song Contest 2013 etter at bidraget vann Selecția Națională 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Romania vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Songen starta som nummer 17, etter Sveits med «You and Me» av Takasa.

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads