It's Only Love av Bryan Adams
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's Only Love» er ein song av den kanadiske songaren og låtskrivaren Bryan Adams, spelt inn i lag med Tina Turner. Songen var den sjette og siste singelen frå Adams-albumet Reckless. Eit konsertopptak vart sidan gjeve ut på Tina Live in Europe i 1988, i tillegg til samleplater av begge artistane, som Adams sitt Anthology og Turner sitt All the Best. Singelen nådde 15. plassen i januar 1986 på Billboard Hot 100[1] i USA og 29. plass på singellista i Storbritannia. 12"-singelen inneheldt eit konsertopptak frå 1985 som seinare kom ut på Tina Live in Europe i 1988.
Adams sa til Songfacts at duetten var den mest minneverdige av alle samarbeida han hadde gjort. Han sa: «Å arbeide med Tina Turner var fantastisk. Eg brukte å sjå ho på klubbar då eg var ung, før ho slo stort gjennom. Det var utruleg å sjå ho.» Han la til: «Det er eit så stort privilegium å ha sunge med ho, særleg sidan eg berre var 24 år på den tida.»[2]
Remove ads
Musikkvideo
Videoen er eit konsertopptak frå Tina Turner-turneen Private Dancer i 1985. Han byrjar med Turner i den kjende svarte, korte lêrkjolen sin og dongerijakke, som introduserer den unge Bryan Adams. Han kjem så inn på scenen og dei framfører songen i lag. Den populære videoen vann prisen for beste sceneframføring i ein video under MTV Awards i 1986.
Lister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads