Tina Live in Europe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tina Live in Europe er det første konsertalbumet til Tina Turner. Det vart gjeve ut i 1988.
Remove ads
Oversyn
Albumet er sett saman av konsertopptak mellom 1985 og 1987, dei fleste frå Break Every Rule-turneen, men òg somme frå Private Dancer-turneen i 1985 og fjernsynssendinga Tina Turner: Break Every Rule på HBO frå ved Camden Palace (no Koko) i London, maskert som Le Club Zero i Paris, som òg vart gjeve ut på video. Dobbeltalbumet nådde åttandeplassen på UK Albums Chart. I 1989 vann albumet Grammyprisen for beste kvinnelege rockevokal.
Den doble CD-versjonen av Tina: Live in Europa inneheld fire bonussongar som ikkje er med på den originale doble, vinylutgåva. Somme avgrensa utgåver av den doble LP-plata inneheldt ein 7" bonussingel[2] eller CD-singel[3] med ein eksklusiv «Tender Remix» av «Two People», miksa av Ben Liebrand.
Remove ads
Singlar
Det vart gjeve ut fem singlar frå Tina: Live In Europa. «Nutbush City Limits», ein versjon av Robert Palmer sin «Addicted to Love, «Tonight» med David Bowie, «A Change Is Gonna Come» og «634-5789» med Robert Cray. Den mest suksessrike av desse var «Addicted to Love» som sidan har vore fast på konsertane til Turner og sidan var med på den europeiske utgåva av hitsamlinga Simply the Best frå 1991.
Remove ads
Innhald
Plate 1
Plate 2
B-sider
Medverkande
- Tina Turner - vokal
The Tina Turner Band;
- Jamie Ralston - gitar, vokal
- Laurie Wisefield - gitar
- Bob Feit - bassgitar, vokal
- Jack Bruno - trommer
- Stevie Scales - perkusjon
- John Miles - klaverinstrument, vokal
- Ollie Marland - klaverinstrument, vokal
- Deric Dyer - saksofon, klaverinstrument
Musikarar;
- Jamie West-Oram - gitar, korvokal
- Don Snow - klaverinstrument, vokal
- Tim Cappello - klaverinstrument, saksofon
- Alan Clark - klaverinstrument
- Kenny Moore - klaverinstrument
- Gary Barnacle - saksofon
Remove ads
Lister
Remove ads
Salstrofé
Produksjon
- Produsert og miksa av John Hudson (spor: 1.01, 1.02, 1.04-1.07, 1.09, 1.11, 1.12, 2.01-2.04, 2.06, 2.07, 2.11, 2.13, 2.14)
- Assistert av Mike Ging
- Produsert av Terry Britten (spor: 1.03, 1.08, 1.10, 1.13, 1.14, 2.05, 2.08-2.10, 2.12)
- Leiande produsent: Roger Davies
- Innspelt i NEC Birmingham, Wembley Arena London, Camden Palace London, Westfallenhalle i Dortmund i Vest-Tyskland, Isstadion i Stockholm i Sverige.
- Miksa i Mayfair Studios - London
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads