Ivano Balić
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ivano Balić (fødd 1. april 1979) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Split. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Balić vart i 2003 og 2006 kåra til verdas beste handballspelar av IHF (Det internasjonale handballforbundet). Han var midtre rykkromspelar.
Remove ads
Balić var spelstyrar når laget hans var i angrep. I så måte var han ein særs sjeldan einar, kåra til bestemann i fem landslags-turneringar i rad: EM og OL 2004. VM 2005, EM 2006 og VM 2007. Omframt VM-gull og OL-gull var han med på å vinne to VM-sølv, to EM-sølv, OL-bronse og EM-bronse. Under europameisterskapen i Noreg i 2008 vart han toppskårar, saman med danske Lars Christiansen og franske Nikola Karabatić. Åra frå 2002 til 2012 deltok Balić i 198 landskampar og skåra 535 mål.
Remove ads
Balić spelte for det kroatiske topplaget RK Metković frå 2001 til 2004. I hans fyrste sesong på laget gjekk det til topps i både den nasjonale cupen og i serien, men grunna bruk av ein ureglementert spelar vart seriemeister-tittelen tildelt RK Zagreb. Frå 2004 gjorde han teneste i spanske Portland San Antonio. Med laget frå Pamplona vann han den spanske handballserien i 2005. Året etter tok han og laget seg til finalen i meisterligaen, der det vart tap mot Ciudad Real. I 2008 returnerte Balić til Kroatia, der han spelte på meisterlaget RK Zagreb. Dei neste fire åra sigra laget i såvel serien som i cupen. Kort før 2012/13-sesongen tok til, slutta han seg til spanske Atlético Madrid. Før klubben slo seg konkurs i 2013, var Balić med på å vinne den spanske kongepokalen. Frå 2013 til han la opp i 2015, var Balić aktiv for tyske HSG Wetzlar.
Remove ads
- Handball-EM 2002 for menn: Nr 16
- Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland
- Handball-EM 2004 for menn: Nr 4
- Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland
- Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania
- Handball-EM 2006 for menn: Nr 4
- Handball-VM 2007 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2008 for menn: Sølvmedalje, tap mot Danmark
- Sommar-OL 2008: Nr 4
- Handball-VM 2009 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-EM 2010 for menn: Sølvmedalje, tap mot Frankrike
- Handball-VM 2011 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2012 for menn: Bronsemedalje
- Sommar-OL 2012: Bronsemedalje
- Kroatisk cupmeister: 2002 for RK Metković
- Kroatisk cupmeister: 2009, 2010, 2011 og 2012 for RK Zagreb
- Kroatisk seriemeister: 2009, 2010, 2011 og 2012 for RK Zagreb
- Spansk seriemeister: 2005 for Portland San Antonio
- Spansk cupmeister: 2013 for Atlético Madrid
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ivano Balić» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Ivano Balić» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads