Ivar Mobekk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ivar Mobekk (fødd 15. september 1959) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Elverum som tevla for Elverum Skiklubb.
Karriere
Mobekk vart noregsmeister i normal bakke i 1981 i Rælingen. Han vann tevlinga i Marikollen føre Jon Eilert Bøgseth, med Johan Sætre på tredjeplass. Den andre NM-medaljen, ei bronsemedalje, kapra han i gjennombrotssesongen 1979, men då i stor bakke. Fire gongar kom han på pallen i verdscupen. Tre andreplassar kom i Zakopane i 1980, Thunder Bay og St. Nizier, begge i 1981, ein einsleg tredjeplass kom i det andre rennet i Zakopane i 1980.
Mobekk deltok under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Han vart høvesvis nummer 24 og 27 i stor og i normal bakke.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1980: Nr 2 og 3 i Zakopane
- 1981: Nr 2 i Thunder Bay og St. Nizier
- 1982: Nr 10 i Svenska skidspelen i Falun
- 1983: Nr 4 i Vikersund
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 1979: Bronsemedalje i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1980: Nr 7 i storbakken i Meldal
- Ski-NM 1981: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen
- Ski-NM 1982: Nr 8 i normalbakken på Raufoss
- Ski-NM 1983: Nr 5 i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Nr 6 i storbakken i Meldal
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Ivar Mobekk i fis-ski.com
- Ivar Mobekk i olympedia.org
- Profil på Sports-reference.com Arkivert 2012-01-31 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads