Ivar Ulekleiv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ivar Michal Ulekleiv (fødd 22. mai 1966) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Dombås. Han representerte Dovre Skiskytterlag.
Ulekleiv tok NM-sølv på 10 km under NM 1989 i Sørskogbygda, gullmedaljen gjekk til Frode Løberg. Fire år seinare vann Ulekleiv 10 km ved NM i skiskyting 1993 i Hattfjelldal, etter prikkfri skyting og eit sterkt langrenn.
Saman med Sverre Istad, Jon Åge Tyldum og Frode Løberg utgjorde han det norske laget som tok sølv i lagkonkurransen ved VM i skiskyting 1991 i finske Lahti. Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer vart Ulekleiv nummer 14 og beste nordmann på 10 km, og han gjekk ein av etappane på det norske stafettlaget som kom på sjuandeplass.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads