Jørgen Vogt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jørgen Herman Vogt (23. september 1900–3. august 1972) var ein norsk pressemann og politikar. Han representerte frå 1945 til og med 1949 kjøpstadene i Trøndelag på Stortinget, vald for Norges Kommunistiske Parti.
Remove ads
Bakgrunn
Vogt var son av Johan Herman Lie Vogt (1858–1932) og Martha Johanne Abigael Kinck (1861–1908). Han voks opp i Oslo og Trondheim. Faren var professor i geologi og mineralogi ved det nystarta NTH frå 1911 til 1929. Broren Thorolf Vogt (1888–1958) overtok som professor i 1929. Ein annan bror, Fredrik Vogt (1892–1970), var sjef for vassdragsvesenet, men bleo professor i mekanikk ved NTH i 1931. Jørgen hadde ein tvillingbror, Johan Vogt (1900–91), som blei samfunnsøkonom og i 1957 professor i Oslo. Systera Margit Vogt (1897–1975) var frem til 1939 gift med motstandsmannen Martin Linge, og i 1940 med Odd Havrevold.
Frå 1919 studerte Vogt sosialøkonomi i Oslo og Kiel. Samstundes engasjerte han seg i politikk. Då Det norske Arbeidarparti i 1923 vart kløyvd, gjekk Vogt og fleirtalet i partiet i Trondheim med i Norges Kommunistiske Parti. Frå 1930 til 1931 studerte han ved Komintern sin Lenin-skule i Moskva.[1]
Vogt gifta seg i 1923 med Pauline Lie (1897–1976).
Remove ads
Virke
1923-24 var Jørgen Vogt redaktør i avisa Klassekampen. Frå 1934 til -39 var han redaktør for Ny Tid, NKP-avisa i Trondheim.
I 1940 var Vogt ein leiande kommunist i Trøndelag. Han var bystyrerepresentant i Trondheim og medlem i distriktsstyret åt NKP.[2] Etter at partiet vart forbode i august 1940 heldt medlemer fram aktiviteten i det skjulte. Året etter klarte Rinnan-banden å infiltrere partiet sitt nettverk i Trondheim, og rulle opp store delar av organisasjonen. Hausten 1941 vart om lag 50 personar arrestert. Vogt vart teken 9. oktober. Etter ei tid i Falstad fangeleir vart han overført til Grini. Der sat han til Nazi-Tyskland kapitulerte.[3]
Oppslutnaden til Norges Kommunistiske Parti etter andre verdskrigen førte til at Ny Tid kom i gong att, også då med Jørgen Vogt som redaktør. Han leia avisa frå juli 1945 til ho vart lagt ned i mai 1947. 1947-58 og 1965-67 var Vogt redaktør for Friheten i Oslo, kommunistpartiet sitt hovudorgan. I tida 1962-65 var han politisk sekretær i NKP. Han var ein av hovudaktørane i det såkalla Vogt-oppgjøret, noko som førte til at han i 1967 la ned vervet sitt i partileiinga.
Vogt var medlem av bystyret i Trondheim frå 1935 til 1951 og varamann til Oslo bystyre 1960-63.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads