Johan Herman Lie Vogt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Herman Lie Vogt (fødd 14. oktober 1858 i Tvedestrand, død 3. januar 1932 i Trondheim) var ein norsk professor, geolog og petrograf. Vogt var son av legen Olaus Fredrik Sand Vogt (1829–93) og Mathilde Eliza (“Elise”) Lie (1835–93).[1] Han var far til forfattar og samfunnsøkonom Johan Vogt, ingeniør og embetsmann Fredrik Vogt, politikar og pressemann Jørgen Vogt og geologen Thorolf Vogt. Vogt var dessuten nevø av matematikar Sophus Lie og grandnevø av juristen Jørgen Herman Vogt, og svigerfar til krigshelten Martin Linge.
Johan H.L. Vogt Johan Vogt tok realartium ved Universitetet i 1876 som ein av tolv (169 tok latinartium). På denne tida var det to til seks studentar på bergstudiet.[2] Vogt var cand.min. frå 1880, og vart 27 år gamal tilsett som professor i metallurgi og styrar av det metallurgiske laboratoriet ved Universitetet i Oslo, ei stilling han hadde 1886-1912. Då NTH vart etablert i 1911 vart Vogt den første professoren til høgskulen i geologi, og hadde stillinga 1912-29, og han vart etterfølgt av sonen sin Thorolf Vogt. Vogt brukte systematisk metodane i fysikalsk kjemi for å løyse petrografiske problem, eit banebrytande perspektiv som fekk stor tyding for både petrografi og malmgeologi. I følgje Børresens biografi var han «ein pioner innanfor norsk geologi og naturvitskap. Han utvikla teoriane om korleis fysiske og kjemiske prosessar i flytande lava (magma) gav opphav til ulike bergartar, og fekk ein eineståande internasjonal posisjon.»[2]
Vogt høyrde til ein generasjon som la vekt på praktisk tverrfaglegheit og nasjonaløkonomisk nytteverknad av forskinga, og yrkesrolla hans veksla mellom professor, kartlegging og rådgjevande ingeniør eller konsulent. Han samarbeidde tett med kollegaen Waldemar Christofer Brøgger, og verksemda deira blir av Børresen (jfr lenkje) karakterisert slik:
- Rapportene var ikke bare holdt i et nøkternt vitenskapelig språk; professorenes politiske industribyggingsprosjekter skinte mang en gang tydelig igjennom: én ting var at en ny bergverks- eller steinindustri ville skape nye arbeidsplasser - det var gjennomgangstonen i nesten alle de positive rapportene. Men det nasjonale argumentet var minst like viktig. Vogt og Brøgger understreket i sine pamfletter svært ofte betydningen av at nye norske selskap skulle utnytte de naturressursene som landet var best forsynt med - stein - og ikke la utenlandske eiere få kloa i norske steinbrudd.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
Vogt blei tildelt Wollastonmedaljen i 1932.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads