Jableh-distriktet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jableh-distriktet (arabisk منطقة جبلة, Minṭaqat Jablah) er eit distrikt (mantiqah) i Latakia guvernement i Syria. I folketeljinga i 2004 hadde det eit folketal på 196 171.[1] Senteret i distriktet er byen Jableh.
Latakia og det kringliggande distriktet vart ein separat, sjølvstendig stat under Mandatet som vart gjeven til Frankrike av Folkeforbundet og vart verande så i to år før det vart innlemma i det større franske mandatet i 1923. Han vart i mellomtida kalla «Alawittarstaten» sidan mesteparten av innbyggjarane var alawittar.
Jordbruk har vore den viktigaste næringa i provinsen, med sitrusfrukt, eple, og oliven som dei viktigaste avlingane. Turisme, hovudsakleg frå Gulfstatane, er òg ei viktig inntektskjelde for innbyggjarane om sommaren.
Remove ads
Inndelingar
Distriktet Jableh er delt inn i seks underdistrikt eller nāḥiyaer (folketala er frå folketeljinga i 2004):
- Jableh nahiyah (ناحية جبلة): folketal 107 064.[2]
- Ayn al-Sharqiyah nahiyah (ناحية عين الشرقية): folketal 16 800.[3]
- Al-Qutailibiyah nahiyah (ناحية القطيلبية): folketal 32 582.[4]
- Ayn Shiqaq nahiyah (ناحية عين شقاق): folketal 16 031.[5]
- Daliyah nahiyah (ناحية دالية): folketal 13 608.[6]
- Beit Yashout nahiyah (ناحية بيت ياشوط): folketal 10 086.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads