Jack in the Box av Clodagh Rodgers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Jack in the Box» ('troll i eske') er ein britisk popsong frå 1971. Songen vart skriven av John Worsley, mens David Myers skreiv teksten. Songen vart framført av den nordirske songaren Clodagh Rodgers, og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1971, der han enda på ein fjerdeplass.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

20. februar 1971 framførte Clodagh Rodgers seks songar i den nasjonale britiske finalen, A Song for Europe, som vart sendt i BBC1-serien It's Cliff Richard.

Rodgers vart vald av BBC til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1971, blant anna i eit forsøk i å lette spenninga mellom protestantane og katolikkane i Nord-Irland[2][3] Rodgers var sjølv frå Nord-Irland, som på denne tida var prega av eit valdeleg og anstrengd forhold mellom dei religiøse gruppene. Den internasjonale finalen skulle dessutan haldast i Dublin i Irland, og BBC frykta at den britiske representanten ville bli utsett for protestaksjonar. Rodgers har seinare hevda at ho mottok drapstrugslar frå IRA dersom ho representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest.[2][4][5]

På grunn av streik i det britiske postverket[6] røysta regionale juryar i den britiske finalen, og dei valde «Jack in the Box» som vinnar av den britiske finalen. Songen vart dimed det britiske bidraget til den internasjonale finalen 1971. Eurovision Song Contest 1971 var det fyrste året der kringkastarane måtte produsere førehandsvisningsvideoar til tevlinga. BBC brukte opptak frå den nasjonale finalen It's Cliff Richard.

I Eurovision Song Contest

I Dublin vart «Jack in the Box» framført som det niande bidraget laurdag 3. april 1971, etter Monique Melsen frå Luxembourg med «Pomme, pomme, pomme», og før Lily Castel og Jacques Raymond frå Belgia med «Goeiemorgen, Morgen». Under framsyninga var Rodgers kledd i rosa, rysjete topp og paljett-hotpants.[5]

I avrøystinga fekk «Jack in the Box» 98 poeng, og enda på fjerdeplass av 18 deltakarar.[7]

Teksten

Songen uttrykkjer songaren sine sterke kjensler overfor ein mann som behandlar ho som eit leiketøy, derav samanlikninga med eit troll i eske. Dersom han gjengjelder kjærleiken hennar, kjem ho til å sprette av glede – som eit troll i eske.[8]

Songen vart brukt i fleire av sketsjane i Monty Python's Flying Circus-episoden Cycling Tour. Der trur ein skadd bilist at han er Clodagh Rodgers. Songen vart også spela på radioen under ei scene i Frankrike, og på slutten av episoden dansar to monster til songen i ein Terry Gilliam-animasjon.[9]

Remove ads

Utgjevingar

Clodagh Rodgers gav ut «Jack in the Box» på singelen RCA Victor 74-16066 i 1971. Singelen var arrangert og vart dirigert av Johnny Anthey.[10]

Norsk versjon

Arne Bendiksen har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Sim-sala-bim». Kirsti Sparboe gav den ut på singlen Triola TN 610 i 1971.[11]

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (1971), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads