Eurovision Song Contest 1971

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eurovision Song Contest 1971
Remove ads

Eurovision Song Contest 1971 (ESC 1971) var den 16. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Gaiety Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Monaco vann konkurransen med songen «Un Banc, Un Arbre, Une Rue», framført på fransk av Séverine.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Thumb
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Det nye stemmesystemet som vart innført dette året, førte til at nokre land gav færre poeng enn andre. Om dette vart utnytta for å øydeleggje vinnarsjansane for andre land, er likevel usikkert. Dette året kunne grupper på opptil seks personar delta i tevlinga for fyrste gong. Tidlegare hadde berre solistar og duoar vore tillate.

Monaco sitt vinnarbidrag vart skrive av franskmenn, framført av ein fransk songar busett i Frankrike, sunge på fransk, og orkesteret vart dirigert av ein franskmann. Songaren Séverine har seinare hevda at ho aldri har vitja Monaco, korkje før eller sidan.

Malta deltok for fyrste gong dette året, medan Finland, Noreg, Portugal, Sverige og Austerrike kom tilbake etter å ha boikotta konkurransen året før. (Austerrike hadde heller ikkje delteke i 1969.)

Remove ads

Bidraga

Finale

Meir informasjon Nr., Land ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads