Jacob Tullin Thams

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jacob Tullin Thams
Remove ads

Jacob Tullin Thams (7. april 189827. juni 1954) var ein norsk skihoppar og siglar frå Oslo. Han var medlem av Idrettsforeningen Ready i Oslo. Thams vart i 1924 den fyrste olympiske meisteren i skihopping, og tok 12 år seinare ein sølvmedalje i segling under sommar-OL 1936.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Thams sette bakkerekord i Holmenkollbakken i 1922 med 46 meter, ein rekord som stod i fire år. 4. februar 1924 vann han det spesielle hopprennet under dei fyrste olympiske vinterleikane, avvikla i Chamonix. Same sesongen vann han Damenes pokal som beste skihoppar i Holmenkollen, ein prestasjon han gjentok dei neste tre sesongane. I 1926 vart han verdsmeister i skihopping i Lahti, same året vart han elles tildelt Holmenkollmedaljen.

Under vinter-OL 1928 i St. Moritz var Thams ein av favorittane i hopprennet. Han låg på femteplass etter første omgang. I den andre omgangen landa han på ny verdsrekordlengde, 73 meter, men ramla og hamna langt nede på resultlista. Før tevlinga hadde han klaga overfor dei sveitsiske arrangørane og uttrykt misnøye med at tilløpet var så langt, noko som gjorde at også ordinære hopparar var i stand til å hoppe langt.

I 1936 var Thams mannskap på den norske båten som deltok i sommar-OL i Berlin i 8m-klassen. Båten tok sølvmedaljen i tevlinga, noko som gjer at Thams er ein av fem idrettsutøvarar som har medaljar frå både sommar- og vinterleikar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads