Jaguar
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jaguaren (Panthera onca) er eit stort kattedyr som lever i heile Latin-Amerika. Han vert rekna som det amerikanske motstykket til leoparden, men er større og tyngre og manglar evna til å brøla.

Foto: Lea Maimone
Ordet jaguar kjem frå tupi-guarani jaguara, eit namn som opphavleg blei brukt om alle store rovpattedyr.[1]
Remove ads
Skildring
Jaguaren liknar ein leopard, men er større og tyngre. Han er som regel gulbrun med svarte flekkar, er 110-190 cm lang og veg frå 55 til 120 kg. Heilt svarte jaguarar (pantrar finst òg.
Levevis
Jaguaren trivst best i tett vegetasjon med lett tilgang til vatn, men ein kan treffa på han i dei fleste biotopar i det store utbreiingsområdet, som går frå Mexico i nord til Patagonia i sør.
Kosthaldet til jaguaren består hovudsakleg av store til mellomstore pattedyr, fuglar og krypdyr. Han er òg flink til å fanga fisk. Jaguarar lever og jaktar åleine, og trass i at dei er dyktige klatrarar, fangar dei helst byttet sitt på bakken.
Jaguarar søker berre selskapet til artsfrendar i paringstida. Kvar ho føder mellom to og fire ungar, som veg opp mot ein kilo ved fødselen. Dei heldt seg med mora til dei vert kjønnsmogne i toårsalderen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads