Jacob Sverdrup Smitt

norsk politikar og prest From Wikipedia, the free encyclopedia

Jacob Sverdrup Smitt
Remove ads

Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 18356. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 187685, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.

I tre periodar (18741882) representerte han Tromsø, og byane i FinnmarkStortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 188082. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.

Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads