Jakobinargauk

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Jakobinargauk
Remove ads

Jakobinargauk (Clamator jacobinus) er medlem av ordenen gaukefuglar med leveområde i Afrika og Asia. Han er delvis trekkfugl, og i India har han vore sett på som ein bodbringar for monsunregnet på grunn av tidspunktet for tilkoma.[1]

Thumb
Jakobinargauk i nærleiken Kollerusjøen, India
Foto: J.M.Garg
Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Illustrasjon ved Wikimedia-brukar Shyamal etter ukjent kjelde]] Dette er ein mellomstor, ca. 33 cm, slank svart og kvit gauk med ein særeigen fjørtopp. Den kvite flekken på den svarte vengen og mønstret gjer han kjenneleg sjølv i flukt. I Afrika finst det to fargeformer, ei med kvit underside og ei med svart underside. Dei er svært vokale gjennom hekkesesongen. Ropa er ein serie av ringetonar 'sklir-sklir-ir, skliur, skliur', ropa frå fuglar av nominatforma er litt raskare og litt mildare enn frå dei andre underartane.[2][3][4] Desse gaukane lever av insekt, inkludert hårete sommarfugllarver som dei plukkar opp frå nær eller på bakken. Nokre gonger et dei frukt.[5]

Arten er ein reirparasitt og i India er verten i hovudsak timalartar i slekta Turdoides. Fargene på egga svarer til dei hos verten, typisk turkisblå.

Jakobinargauken er mykje omtalt i den gamle indiske poesien som chātak.[6][7] Ifølgje indisk mytologi har han eit nebb øvst på hovudet som ventar på regn for å sløkke tørsten.[8]

Remove ads

Utbreiing og habitat

Jakobinargauken er grovt rekna distribuert i Afrika sør for Sahara og India sør for Himalaya. Han finst òg på Sri Lanka og i delar av Myanmar. Innanfor Afrika, gjer i det minste nokre av fuglane vandringar, jamvel om arten er standfugl i det tropiske Afrika. Den austafrikanske populasjonen er trekkfuglar med trekkrute over det sørlege Arabia til India i april.[3] Habitata er hovudsakleg i krevjande, tørr krattskog eller opent skogsterreng,[2] men dei unngår område med tett skog eller ekstremt tørt miljø.[3]

Remove ads

Taksonomi

Tre underartar er anerkjente for jakobinargauk: C. j. pica, C. j. serratus og C. j. jacobinus. Utbreiing og trekk blant desse underartane er ikkje klårt dokumentert: dei to førstnemnte underartane,[9] eller alle underartar er til stades i Afrika,[10] jacobinus lever i sørlege India, og serratus er ein flyttfugl som hekkar i nordlege India om sommaren.[5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads