Jan Kristian Fjærestad
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jan Kristian Fjærestad (fødd 4. september 1963) er ein tidlegare fotballspelar frå Sarpsborg. Han vart seriemeister for Moss Fotballklubb i 1987 og deltok 1987-88 i åtte landskampar for Noreg. Fjærestad var angrepsspelar, sterk i hovudduellar.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Fjærestad var med å ta Hafslund Idrettsforening frå 5. til 3. divisjon. Våren 1984 melde han overgang til Moss FK. Han var litt ut og inn av startellevaren dei fyrste to sesongane i Moss, men etablerte seg under Nils Arne Eggen då laget var innom 2. divisjon i 1986. Med 18 mål av Moss sine totalt 44 seriemål vart han i 1987-sesongen toppskårar i 1. divisjon. Han bidrog såleis mykje til at Moss vart norsk seriemeister for fyrste og hittil siste gong. Trass i at han ikkje var særs flink i å skyte, viste Fjærestad seg effektiv i straffefeltet. I 1989 var han plaga av skader på vårparten, og lukkast sidan lite i Moss-laget. Han avslutta med spel for 4. divisjonslaget Hafslund åra 1991-93.
Landslagsspel
Fjærestad fekk sin landslagsdebut 12. august 1987 i ein mållaus heimekamp mo Sverige. Han skåra sitt einaste mål i landslagsdrakt 28. oktober 1987 mot Aust-Tyskland. 28. juli 1988 fekk Fjærestad kome på bana i staden for målskårar Jan Åge Fjørtoft då Noreg og Brasil spelte uavgjort 1–1 på Ullevaal stadion. Etter 8 landskampar var landlagstida over.
Merittar
- Norsk seriemeister: 1987 for Moss FK
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jan Kristian Fjærestad» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2022.
- eu-football
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads