Jan Ottosson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jan Ottosson
Remove ads

Jan Bo Otto Ottosson (fødd 10. mars 1960) frå Högsäter i Dalsland er ein svensk, tidlegare langrennsløpar som tevla for Åsarna IK.

Kjappe fakta

Ottosson vann to OL-gull i stafett, 1984 og 1988. Hans beste plasseringar individuelt i ski-VM og vinter-OL er to sjetteplassar; fyrst på 50 km under OL 1988 og sidan på 15 km under VM 1991.

Han vann eitt renn i verdscupen i langrenn, då han 14. januar 1983 sigra i ein 15 km i Reit im Winkl. Ottosson sikra seg åtte SM-titlar i tida mellom 1983 og 1994.

Ottosson vann Vasaloppet fire gongar; 1989, 1991, 1992 og 1994.

Remove ads

OL-medaljar

Gullmedaljar i svenske meisterskap

  • 1983: 30 km og 50 km
  • 1985: 30 km
  • 1988: 15 km og 50 km
  • 1990: 15 km
  • 1994: 50 km og 25/15 km jakstart

I perioden 1980-94 vann Åsarna IK elleve av dei femten SM-stafettane over 3x10 km. Ottosson var med på ti av dei elleve triumfane, og gjekk mange gongar i lag med langrennarar som Thomas Wassberg (7 gonger) og Torgny Mogren (5).

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads