Sarajevo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på vel 330 000 i 2013. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundreår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Remove ads
Remove ads
Historie

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken, vart den moderne byen til som ein ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]
Remove ads
Administrativ inndeling
I tillegg til å vere hovudstad for staten Bosnia-Hercegovina er byen etter Daytonavtalen[4] òg hovudstad i båe dei føderale einingane («entitetane») Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska). I praksis er likevel serbarrepublikken styrd med Banja Luka som de facto hovudstad.
Administrativt er byen delt i dei fire kommunane Centar, Novi Grad, Novo Sarajevo og Stari Grad. Ved folketeljinga i 2013 er òg kommunen Ilidža, som tidlegare var rekna som ein separat busetnad, rekna inn som ein bydel i Sarajevo.
Til storbyområdet for Sarajevo reknar ein heile kantonen Sarajevo, som er ein av dei ti kantonane som den føderale eininga Føderasjonen Bosnia-Hercegovina er delt inn i. I tillegg til dei fem kommunane innanfor sjølve byen, er då òg kommunane Hadžići, Ilijaš, Trnovo og Vogošća rekna med.
Remove ads
Folketal
Folketalet i bydelane ved dei siste folketeljingane var:[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads