Jan Sandström

svensk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Inge Jan Håkan Sandström (fødd 25. januar 1954 i Vilhelmina i Sverige) er ein svensk komponist.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Jan Sandström har studert komposisjon med mellom andre professor Gunnar Bucht ved Den kongelege musikkhøgskulen i Stockholm. I 1989 vart han sjølv professor i komposisjon ved Musikhøgskulen i Piteå.

Korverket Det är en ros utsprungen (1990), ei personleg bearbeiding av Praetorius si salme, vart Sandström sitt gjennombrot som komponist. Han er òg kjend for samarbeidet sitt med trombonisten Christian Lindberg, blant anna i Motorcykelkonserten (1988-89). Han har òg skrive fleire andre solokonsertar for ulike instrument samt orkersterstykke, vokalmusikk med orkester, operaer, korsongar og kammermusikk.

Remove ads

Utvalde verk

Orkesterverk

Verk for soloinstrument og orkester

  • Motorcykelkonserten, trombonekonsert nr 1, 1988-89 (for Christian Lindberg)
    • forkorta versjon: A Short Ride on a Motorbike, 1989
  • Don Quixote, trombonekonsert nr 2, 1994 (for Christian Lindberg)
  • Wahlbergvariationer, versjon for trombone og orkester, 1996 (sjå kammermusik)
  • Kejsarvisan, versjon for trombone og orkester, 1994 (sjå verk for orkester)
  • Trompetkonsert nr 1, 1987 (for Håkan Hardenberger)
  • Trompetkonsert nr 2, 1993/96 (for Håkan Hardenberger)
  • A dance in the subdominant quagmire for sopranblokkfløyte og strykeorkester, 1994
  • Trompetkonsert nr 3, 2007 (for Ole Edvard Antonsen)
  • My Assam Dragon, altsaksofonkonsert, 1994 (for John-Edward Kelly)
  • Pianokonsert nr 1, 1995
  • Pianokonsert nr 2, 2001
  • Klarinettkonsert, 2001
  • The Lemon House, tubakonsert, 2004

Verk for orkester

  • Era, 1979-80
  • Snowflakes for kammerorkester, 1980/84
  • Acintyas for strykeorkester, 1986
  • Indri, 1988/89
  • Kejsarvisan, 1993
  • Ocean child, 1999/2004

Vokalmusik

Opera

  • Bombi Bitt, 1991-92
  • Macbeth², 1996
  • K. Beskrivning av en kamp, 2005
  • God Natt Madame!, 2006

Korverk

  • Det är en ros utsprungen (Pretorius/Sandström) for to blandakor, 1990
  • Sanctus for gute- eller jentekor, 1990, versjon for blandakor 1993
  • Across the bridge of hope for barnesolist og blandakor, 1999
  • Rekviem for kor, solistar og orkester, 2008 (uroppført 1. november 2008 i Hedvig Eleonora-kyrkja i Stockholm)

Kammermusik

  • Wahlbergvariationer for cello og blåsekvintett, 1990
    • versjon for saksofonkvartett, 1993
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads