Jan van Scorel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jan van Scorel
Remove ads

Jan van Scorel, (1. august 14956. desember 1562) var ein nederlandsk renessansemålar frå landsbyen Schoorl (Scorel) ved Alkmaar i Utrecht. Han var den fyrste nederlandske målaren som studerte i Italia, og tok med seg impulsar derifrå heim til Nederlanda.

Kjappe fakta
Thumb
Maria Magdalena, ca. 1530
Remove ads

Liv og gjerning

Scorel var elev av Willem Cornelisz i Haarlem, Jacob Cornelisz van Oostsanen i Amsterdam og Jan Gossaert i Utrecht. Sidan gjekk han i lære i Nürnberg, der han vart påverka av Albrecht Dürer.

Frå 1522 til -23 budde Scorel i Roma, anten år 1524 eller 1525 reiste han tilbake til Nederlanda. Han var den fyrste av dei viktige nederlandske målarane som gjekk i lære i Italia, og gjennom sine arbeid førte han den italienske høgrenessansen til Nederlanda. Pave Hadrian VI utnemnde Scorel til styrar for kunstsamlingane i Vatikanet. I Roma tok Scorel sterke inntrykk av Michelangelo og Rafael, særleg den sistnemnde.

Scorel arbeidde i både Alkmaar, Gent, Haarlem og til sist i Utrecht. Han brevveksla med svenskekongen Gustav Vasa, som var ute etter verk som Scorel laga. Mellom anna sende han eit madonnabilete og måla gobelengar til kongen.

Verka hans omfattar mellom anna Tolv jerusalempilgrimar, Maria Magdalena, Den heilage familien og Adam og Eva.

Scorel døydde i Utrecht i desember 1562. Mange av verka hans vart brende under ein biletstorm i året 1566.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jan van Scorel
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads