Javier Hernández Balcázar
meksikansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Javier Hernández Balcázar (fødd 1. juni 1988) er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder den vesle erta.
Remove ads
Karriere
Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.
Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale. Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.
Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.
Remove ads
Kjelder
- Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Hernández.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads