Jayyous
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jayyous (arabisk جيوس, hebraisk skrift ג'יוס) er ein palestinsk landsby nær den vestlege grensa til Vestbreidda, nær Qalqilya. Han er eit jordbrukssamfunn. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 3 307 innbyggjarar i 2006.[2]
Remove ads
Historie
Seint i den osmanske perioden, i 1882, skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Jiyus som ein «mellomstor steinlandsby på ein rygg, med oliven i søraust. Han verkar gammal, og har graver hogde ut i berget og gamle brunnar.»[3]
I folketeljinga i 1922 hadde Jaiyus eit folketal på 433, alle muslimar.[4]
Landsbyen ligg i eit område som er direkte råka av den israelske sperremuren, og kring 75 % av jordbruksområdet til landsbyen ligg på den andre sida av sperringa.[5] For å nå fram til området sitt, må bøndene gjennom to portar. Portane er meint å vere opne tre gonger til dagen i korte periodar, men i juni 2005 var portane stort sett stengde, og bøndene demonstrerte ved portane.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads