Jazz from Hell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jazz from Hell er eit instrumentalalbum av Frank Zappa som han vann ein Grammy for. Det kom ut i 1986 på Barking Pumpkin Records (vinyl) og Rykodisc (CD).
Remove ads
Albuminformasjon
All songane er laga og framført av Frank Zappa på Synclavier DMS med unntak av «St. Etienne», ein gitarsolo frå eit konsertopptak av «Drowning Witch» frå ein konsert i Saint-Étienne i Frankrike under ein turné i 1982.
«While You Were Art II» er ein Synclavier-versjon basert på ein transkripsjon av ein improvisert gitarsolo på songen «While You Were Out» frå Shut Up 'n Play Yer Guitar. Den ikkje-utgjevne originale Synclavier-versjonen vart laga med berre FM-synthen på synthesizeren, medan innspelinga på albumet vart Zappa sitt «deluxe»-arrangement med nyare samplingar og klangar.
«G-Spot Tornado» var eit stykke Zappa meinte var umogeleg for menneske å spele. Det vart framført av Ensemble Modern på konsertinnspelinga The Yellow Shark.
Remove ads
Utgjeving
Det vart gjeve ut i Europa på CD i lag med ni spor frå Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention på same plate.
Prisar
Zappa vann ein Grammy for beste instrumentale rock for albumet i 1988.
Kontrovers
Sjølv omd et er eit instrumentalalbum kom det rapportar, som ikkje er stadfesta, om at Fred Meyer-kjeda selde Jazz from Hell med eit Parental Advisory-merke på. Dette kan ha kome av striden Zappa hadde med PMRC, bruken av ordet «hell» i albumtittelen, eller sporet «G-Spot Tornado».[3]
Innhald
Alle spor skrivne av Frank Zappa
Medverkande
- Musikarar
- Frank Zappa – Sologitar, synclavier, klaverinstrument, plateprodusent
- Ed Mann – perkusjon
- Tommy Mars – klaverinstrument
- Bobby Martin – klaverinstrument, saksofon
- Scott Thunes – bassgitar, klaverinstrument
- Steve Vai – rytmegitar
- Chad Wackerman – trommer
- Ray White – rytmegitar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads