Jazzman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Jazzman» er ein song frå 1974 framført av Carole King, frå albumet hennar Wrap Around Joy. King komponerte musikken til songen, medan David Palmer (tidlegare frå Steely Dan) skreiv teksten.
Songen er mest kjent for dei lange saksofonsoloane sine, framført av Tom Scott, medan King syng ein ode til «jazzmannen» og effekten han har på henne. Curtis Amy, saksofonist, komponist og tidlegare musikalsk leiar for bandet til Ray Charles, var «jazzmannen» det var snakk kom.
Kort tid etter songen gjekk inn på Billboard Hot 100, klatra singelen til andreplassen for ei veke i midten av november 1974 (like bak «You Ain't Seen Nothing Yet» av Bachman Turner Overdrive).[1] Songen nådde òg fjerdeplassen på Billboard easy listening-lista.[2] B-sida av «Jazzman»-singelen var «You Go Your Way, I'll Go Mine».
Billboard skildra «Jazzman» som ein av Kings mest kommersielle songar, og roste saksofonspelinga og korvokalen.[3] Cash Box sa at «den unike vokalen til artisten er kraftfullt støtta av sterke blåsarar og eit flott poparrangement.»[4]
«Jazzman» vart nominert til ein Grammypris i 1975 i kategorien Beste kvinnelege popvokalopptreden, og tapte mot Olivia Newton-John-songen «I Honestly Love You».[2]
«Jazzman» er òg framtredande nytta i The Simpsons-episoden «'Round Springfield», sunge av Yeardley Smith som Lisa Simpson. Han blir presentert som ein duett mellom Lisa og den tilbakevendande karakteren Bleeding Gums Murphy, som speler saksofon.
Remove ads
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads