Jean-Pierre Serre

fransk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jean-Pierre Serre
Remove ads

Jean-Pierre Serre (fødd 15. september 1926 i Bages) er ein fransk matematikar innanfor felta algebraisk geometri, talteori og topologi. Serre er rekna som ein markant moderne matematikar, og har gjort banebrytande arbeid innanfor dei nemnde felta i tillegg til gruppeteori og analytisk algebra.

Serre var professor ved Collège de France i Paris i perioden 1956 til 1994, og har sidan vore æresprofessor ved same universitet. Serre har vorte tildelt ei rekkje prisar for arbeidet sitt innanfor matematikk, blant anna Fieldsmedaljen i 1954. I 1980 vart han æresdoktor ved Stockholms universitet. Serre har sidan 1981 òg vore eit medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

I tillegg til Fieldsmedaljen har Serre blant anna vorte tildelt:

  • Prix Gaston Julia (1970)
  • Balzanprisen (1985)
  • Leroy P. Steele-prisen (1995)
  • Wolfprisen (2000)
  • Abelprisen (2003)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads